Meny
Produkter

Solanum tuberosum

Solanum tuberosum

Det hadde ikkje vorte mykje fart i produksjonen hos Signes Raspeball AS lokala på Øyrane i Førde om det ikkje var for denne skapnaden, som på latin går under namnet Solanum tuberosum!

Ein potet er ikkje berre ein potet – hos Signes Raspeball!

Det finst ei mengd potetsortar å velje mellom, faktisk fleire hundre på verdsbasis – og talet er stort òg her i Noreg. Men langt på nær alle av desse er eigna for produksjon av raspeball. Gjennom alle åra med produksjon av raspeball, har Signe vorte ein ekspert på å velje ut dei rette potetsortane. Mellom anna må ein ta omsyn til koking, kverning, konsistens – og ikkje minst storleik og lagringsevne. Peik er Signes favoritt!

Det store volumet potet som kvar veke kjem inn til produksjonslokala, er nøye gjennomtenkt og vurdert. Difor stiller òg bedrifta høge krav til leverandøren av potet, til pris og leveringsvilkår. Kontinuitet i tilhøvet til leverandøren sparar bedrifta for tid og pengar, som i sin tur kan kome forbrukaren til gode.