Meny
Produkter

Det heile starta i 1995!

Den «faste» troikaen

Den «faste» troikaen: Lillian Hellenes, medarbeidar heilt sidan starten, Glenn Nydal Eliassen, junior – som nå tek opp arven etter mor og far, og Signe Nydal, gründeren som starta verksemda i 1995.

Over eit glass raudvin i eit juleselskap på Lillestrøm starta eventyret!

Vestlandet har frå langt attende i tid hatt tradisjon med raspeball. Signe hadde lyst til å lage ”heimelaga” raspeball og selje til butikar, hotell og kaféar i Førde-regionen. Og kanhende tilby deti til konfirmasjonar og andre selskapsarrangement. Her skulle det vel væra ein marknad? Då Signe og sambuaren Gunnar Eliassen fekk høve til å overta produksjonsutstyret og lokalane til Sunnfjord Konservering AS i 1995 vart idéen satt ut i livet! Og gründer-idéen viste seg å væra riktig! Det var eit behov for heimelaga raspeball. Nesten utan reklame, kun ei enkel brosjyre, gjekk Signe ut i marknaden og selde sine raspeballar. Ho er godt kjend i lokalmiljøet og bland dei næringsdrivande i Førde, og på kort tid har ho etablert eit nettverk av forbindelser – store og små – som tenner på idéen og som ønsker å kjøpe raspeball. Dei fleste av dei som sa ja i starten er òg kunder idag!