Meny
Produkter

Postet av

Vi lager Norges beste raspeball

norgesbeste-topp

I programmet Matkontrollen på TV2 hadde programleder Solveig Barstad med ein jury som fekk smaka på og vurdere tre ulike raspeballtallerknar – og vinnaren vart Signes Raspeball! I juryen satt «matkjendisane» mesterkokk Daniél Rougé Madsen, forfatterane og «komleentusiastane» Kjartan Brügger Bjånesøy og Gunda Djupvik.

Du finn Signes Raspeball med dei gule og blå etikettane i butikkhylla, til dømes hos Coop Extra i Førde. I tillegg har Signe fast levering til fleire bedrifter i regionen og til og med til oljeplattformar i Nordsjøen!

Signes Raspeball har god hjelp til å spreie produkta våre ut til kundar, mellom anna frå Spesialgrossisten sine avdelingar. Samstundes som vi tek vare på våre faste kundar er vi stadig ute i marknaden for å få nye!

tv2-1 tv2-2 tv2-4 tv2-6 tv2-5 tv2-3

 

Skjermbilder fra TV2. Foto: Tor Byggland / Glenn Aaseby. Mastiff.

Signes Raspeball har i dag 4 tilsette. Gründar Signe Nydal, sonen Glenn og Lillian Hellesnes har vore med sidan starten i 1998.

Opp gjennom åra har den vesle familiebedrifta i Førde laga 80 til 100 tonn raspeball for hand – kvart år! Så det har blitt millionar på millionar av raspeball!

Og som Signe kan fortelje: «Vi har lukkast fordi vi har fokus på kvalitet. Eg går sjølv god for kvar einaste raspeball som sendast ut frå produksjonslokala våre!»