Meny
Produkter

Vår kvalitetsgaranti gir nøgde kundar!

Gjennom dei åra vi har produsert Signes Raspeball har vi kome i kontakt med svært mange kundar. Mange er gjengangarar og «faste» kundar som står for regelmessige bestillingar.

Samstundes som vi tek vare på våre «gamle» kundar, er vi stadig ute i marknaden for å få nye. Vi er på matmesser i inn- og utland, for betre å bli kjende med utvikling og trendar – på moglege nye varer å produsere og for å halde oss oppdaterte på produksjonsutstyret.

Slik treffer vi mange interessante menneske, som på kvar sine måtar kan spreie ”den glade bodskapen” om Signe og hennar Raspekaker. Naturleg nok er ein stor del av kundane våre i Førde-regionen, men etter kvart har vi òg opparbeidd ein vesentleg kunde-masse utanfor distriktet. Her er eit utval:

SKJEGGERØD FATLAND – ØLEN

Salssjef Jan Kvinesland hos Skjeggerød Fatland i Ølen var vår første kontakt av eit visst format, helt attende i 1998. Sidan det har vi levert varer kontinuerleg, og volumet aukar stadig! Skjeggerød Fatland Ølen har berre Signes raspeballar i sitt sortiment, som blir selde som Luksus-Komle.

Dei leverer i øvrig alt flesket til vår produksjon.

SAFARI ENGROS – FLORØ

Kvar måndag/tysdag leverer vi raspeball til plattformer i Nordsjøen. Safari Engros har vore ein viktig kunde for oss gjennom mange år.

CAFÉ ”RO NED” – SPARKJØP-SENTERET  I FØRDE

Her pyntar biletet av Signe og hennar Raspeball opp kafeen! 1 raspeball med bacon i ”skreddarsydd” storleik blir levert kvar dag – av Ruth Elfrid Baarøy og barnebarnet Henrikke!

NÆR ENGROS – TRONDHEIM

Signes Raspeball er høgdepunkt i veka for brukarane på eldresenter og kafear i Trondheim og Levanger-området!

W. TROYES AGENTURER – BERGEN

Ossy og Erik gjer ein kjempejobb for å opne opp for butikkane i Bergen og Hordaland. Dagleg leiar og ferskvaresjef Steinar på Coop OBS Lagunen har òg vore ei viktig støtte for oss under etablering i regionen.

HOTEL ALEXANDRA – LOEN

Vi har levert fløytegratinerte potetar til Hotel Alexandra i Loen i mange år!

COOP EXTRA – FØRDE

Til Coop Extra i Førde (landets flottaste daglegvarebutikk?) kan Signe levere ”så mykje ho orkar” – heile tida. Ikkje dårleg? Hilde er butikksjef Ferskvarer.

COOP EXTRA – FURENE

Coop Extra i Furene serverer Signes Raspeball i kafeen kvar torsdag, og du finn varene i butikkhylla.

COOP EXTRA – ØRSTA

Her har dei òg teke Signes Raspeball inn i hyllene.

CAFÉ PALMEHAVEN – OASEN STORSENTER – HAUGESUND

Her får du Signes Komle med dott på menyen – på trefjøl – kvar dag!

SPESIALGROSSISTEN ÅRHEIM AGENTUR – STEINKLEPP

Her har vi levert raspeballar gjennom mange år! Ann Irene og Margit Kvammen har leveransar til Hallingdal og heile Sogn og Fjordane.

LOTTERITILSYNET – STOREHAGEN ATRIUM – FØRDE

Nytt moderne bygg på gamle meieritomta på Øyrane. Signe leverer personleg varm raspeball-lunsj til Lotteritilsynets gjester kvar torsdag!

FØRDE-KROA

Gjennom mange år har vi levert til Mariel Rørstadbotn. Signes Raspeball står alltid på menyen på torsdagar!

MOSKUS-GRILLEN – DOMBÅS

Strategisk plassert ved E6 kan trailersjåførar, turistar og andre svoltne gjester nyte Signes Raspeball m/flesk på torsdagar. Bærplukkarar og jegerar er òg hyppige gjestar hos Odlaug på Moskus-Grillen. Og ho melder om gode tilbakemeldingar!

SPESIALGROSSISTEN SLYNGSTADLI

Vi har knytt til oss Spesialgrossisten Slyngstadli i Sykkylven for regelmessig levering av Signes produkt i Møre-regionen.

SPESIALGROSSISTEN

Vi har dei siste åra samarbeidd godt med Spesialgrossisten AS – ein landsdekkjande salsgrossist, som har over 20 års røynsle som supplement til dei eigne grossistfunksjonane til daglegvarekjedene.

Nettopp dette samarbeidet gjer det enklare å nå eit nytt publikum utanfor Førde.

Spesialgrossisten tek godt vare på små nisjebedrifter som vår. Mindre produsentar av lokal mat møter mange og store utfordringar – mattryggleik, logistikk, sal og eksponering – difor har vegen til butikkhyllene i kjedene ofte vore lang og kronglete! Spesialgrossisten har systema og dei rette folka for å kunne løyse dette.

Nøgde kundar liker vi!