Meny
Produkter

Signes Raspeball gjer seg ikkje sjølv. Mange ulike produksjonsfasar gir lange dagar på jobb!

… høge krav til medarbeidarar og produksjonsutstyr!…

Når du bestiller raspeball hos Signe er du alltid garantert at du får ferske, handlaga varer.

Frå vi tek imot ei bestilling og til raspeballane er leverte til kunden vil det alltid gå kort tid, sjølv om produksjonsprosessen består av mange ulike fasar. Potetene skal vaskast, skrellast og skyljast. Deretter skal dei kvernast og tilsetjast mjøl og salt. Røra skal deretter tilsetjast flesk, før dei skal kokast og får forma vi kjenner. I tillegg kan det nok røpast at Signe har ein liten ”løyndom” som gjer at raspeballane hennar skil seg noko frå konkurrentane, vonleg i positiv retning. Før varene blir leverte til kunden, skal dei prisast, vakuumpakkast og etiketterast.

Fredrik Hanssen har vakuumpakka endå ein stabel med Raspeballbrett.

Store mengder potetar på veg til neste produksjonsfase.

Heile folket i arbeid. Mange og ulike gjeremål skjer på ein gong.

Det blir stilt strenge krav til vårt produksjonsutstyr, ettersom bedrifta er avhengig av å halde ein jamn produksjon utan avbrot, for å kunne framstå som den solide leverandøren Signes Raspeball ønskjer å vere.

Glenn held et vake auge med raspeballane.

Vi har fleire store kokarar med kapasitet på 400 og 600 liter. I tillegg har vi vaskekar, skrellemaskinar, pakke- og vakuummaskinar, vekt og mykje anna utstyr for å kunne produsere dei etterspurde varene på ein god måte.

Produksjonsutstyret vårt blir skifta ut og oppdatert etter kvart som det trengst. I tillegg til generelt høge krav til utstyret, blir det òg stilt strenge krav til hygiene og reinhald av lokala.

Det er utenkeleg for oss å gå på akkord med kvaliteten! Signes Raspeball skal levere ferske, handlaga produkt med dei beste råvarene – i tillegg til god service. For det veit vi at kundane set pris på!