Meny
Produkter

… eller ein god og lettvint ferdigmiddag!

Signes Raspeball Middag og Lapskaus Middag er to ferdige middagsrettar du finn i butikken. Her frå «Lokal Mat»-hylla hos COOP Extra i Førde.

Bedrifta har òg vidareutvikla produktkonseptet sitt og kan tilby ferdig Raspeball- og Lapskaus-/kjøttsuppemiddag, som berre skal varmast før bruk.

Dei siste åra har utviklinga gått i retning av at stadig fleire ektepar og sambuarar er i jobb begge to. Ofte kan matinnkjøp og måltid vere eit praktisk ”problem” når det gjeld tid. Som ein konsekvens av dette, har det kome ei rekke produkt på marknaden som tilbyr ferdige middagsretter.

Signes Raspeball har utvikla to variantar av middag: Raspeball og Lapskaus/Kjøttsuppe som porsjonspakningar. Desse er ferdig kokte og skal berre varmast i mikrobølgjeomn eller kjele. Førebels er dette eit prøveprosjekt, men tilbakemeldingane er positive, og vi har planar om å utvide sortimentet.

Signes Raspeball Middag med god tilhøyrsle tillaga slik Signe tilrår det.
Raspeballene skal skjerast i skiver og varmast i steikepanne saman med vossakorv og bacon.